Rideskulen på Reiakvam  
NYTT

VÅRE TILBOD

OM OSS

HESTANE

GARDEN

DYRA

KART

DIVERSE INFO

KONTAKT

ALBUM

GJESTEBOK

BLOGG

LENKJER

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

NYTT FRÅ REIAKVAM

18. juni 2008.
Dorry har fått føl. Det vart ein grå hingst, fødd 16. juni. Følet kom truleg eit par veker for tidleg, men han verkar frisk og rask.
Her er nokre bilete.
 
14. juni 2008.
Endeleg har eg fått lagt inn bilete av den nye hesten på sida om Hestane.
Eg fekk meg ein ny fjordhest tysdag 27. mai. Det er ein valakk fødd i 1992 som vert kalla for Pegasus.
Eigentleg heiter han Spretten.
Pegasus er rødblakk med stjerne, og ein snill hest.
  
Ny hest i flokken. Spennande saker.....                               Pegasus den dagen han kom til Reiakvam
 
20. mai 2008.
Elevlista er oppdatert, og det står også kor tid det er ledige plassar for dei som har lyst til å begynne
på riding.
Her finner du elevlista.
 
20. mai 2008.
Måndagsgruppene har fått seg eiga side med litt tekst og bilete frå alle timane hittil i vår.
Dei andre gruppene skal få seg eigne sider dei også etterkvart.
Her finner du sida til måndagsgruppene våren 2008.
 
3. april 2008.
I går var det onsdag, og tre elevgrupper hadde dei fyrste timane sine i vårsemesteret.
Viss nokon har lyst til å hjelpe til (leie) på onsdagstimane, så har eg god bruk for dykk.
Ein del av onsdags-elevane har ridd så mykje no at dei greier seg sjølv, men andre er heilt nye og kan absolutt ha bruk for ein hjelpande hand no og då. Dessutan er jo nokre av hestane litt meir sta enn andre, og nokre er litt vel kjappe i traven for ein urøynd rytter.
Onsdag var ein flott dag med strålande sol, men det vart kaldt utover kvelden.

Lone og Romeo                                 Ida Matilde og Vesla                  Malin og Borken

             
Hanna og Linus                                    Iselin og Gunnar                       Andrine og Dorry

           
Oline og Romeo                                               Ane og Dorry                  Frida og Borken

              
Ida Susanne og Gunnar                               Elise og Linus                                        Hilde og Gunnar

                
Camilla og Dorry (og Anett)                   Laila og Linus                   Linda og Borken (fyrste ridetime)
 
31. mars 2008.
I går starta måndagsgruppene opp også.
Her kan du lese meir.... 


 
29. mars 2008.
Vårsesongen er i gang på rideskulen.
Nye kurs starta opp fredag 28. februar.

Sunniva og Linus                                 Margrete og Vesla                   Silje og Romeo

Marte og Vesla, Ragnhild og Borken
 
 
     Rideskulen på Reiakvam - Inger Grønntun - Tlf 57819739 - Mobil 91763789 - E-post ingergro@hotmail.com