Rideskulen på Reiakvam

 

 
NYTT

VÅRE TILBOD

OM OSS

HESTANE

GARDEN

DYRA

KART

DIVERSE INFO

KONTAKT

ALBUM

GJESTEBOK

BLOGG

LENKJER

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

KART

Lurer du på korleis kjem du til oss?
Naustdal er ein kommune i Sogn og Fjordane, langt vest i Norge.
Kommunesenteret heiter Naustdal, og ligger langs riksveg 5, i mellom byane Førde og Florø.
Vi bur om lag 5 km frå sentrum, og det tek knappe 10 minutt å køyre hit til Reiakvam frå Naustdal.
Frå Førde tek det 20 minutt å komme seg hit med bil.
Her ser du korleis du køyrer hit opp frå sentrum:


Frå Naustdal sentrum: Følg Riksveg 5 mot Florø. Rett før Naustdalstunnelen tek du av til høgre (mot Nyheim).
Køyr i om lag 3-4 km. Du passerer skilt til Åsedalen (høgre, dit skal du IKKJE svinge!), og køyrer gjennom ein skarp sving mot
venstre. Like etter svingen kjem du til eit gult skilt der det står Reiakvam. Ta av til venstre akkurat der skiltet er.
Følg grusvegen oppover bakkane, rundt sving til høgre (gult hus til venstre for svingen), rett fram/slakk oppoverbakke.
Garden vår ligger på oppsida (til venstre) av vegen. Det står nokre store asketre der.Floren vår er lang og raud, med kvit mur.
Hestane står heilt nede.
Ridebana ligger 200 meter lenger inne ved vegen. Der ligg også huset vi bur i.


Garden vår                                                   Garasja vår (det gule huset), og huset vårt (det raude)
 

 
     Rideskulen på Reiakvam - Inger Grønntun - Tlf 57819739 - Mobil 91763789 - E-post ingergro@hotmail.com