NYTT
VÅRE
TILBOD
OM OSS
HESTANE
GARDEN
DYRA
KART
DIVERSE INFO
KONTAKT
ALBUM
GJESTEBOK
BLOGG
LENKJER
|
|
VIL DU BEGYNNE Å RI?
Rideskulen på Reiakvam i Naustdal startar opp vårsemesteret etter påske.
Det vert ridekurs for alle aldersgrupper og alle nivå, og både gamle og nye
elevar er velkomne på kurs.
Kvart kurs er på 18 timar i alt, fordelt over 11 veker.
Dei fleste gongane helder vi på i 1,5 timer, og tre gongar helder vi på i 2
timar.
Det vert riding ein gong i veka for kvar gruppe, og alle rir ein fast dag i
veka.
Eit kurs
kostar kr 2000,- pr elev (1800 kr pr elev viss de er to eller fleire syskjen,
eller syskjen og foreldre).
Inkludert i kursprisen er også to premier (sløyfe/diplom/rideknappen el), og
deltaking for heile familien på sommaravslutning før skuleferien begynner.
Det vert ridekurs måndagar, onsdagar og fredagar.
Det kan og vere aktuelt å ha nokre grupper tysdagar, viss det vert mange
påmelde.
Fredagsgruppene startar opp i veke 13 (veka rett etter påske), og dei andre
gruppene startar opp veka etter der.
Det vert maks 6-8 elevar pr gruppe. Dei yngste (ca 3-8 år) er maks 4-6 på
gruppa.
Du trenger ikkje noko spesielt utstyr for å begynne på riding. Ridehjelm får
du låne viss du ikkje har det sjølv.
Dei yngste (ca 3-10 år) må ha med seg ein som kan leie hesten når vi rir.
På ridekurs rir vi på tur og på ridebane, vi steller hest, køyrer litt vogn,
og lærer oss mange ulike ting om hest og hestestell. Undervisninga vert lagt
opp etter alder og nivå på kvar einskild gruppe.
Eg har også ulike tilbod til dei som har lyst til å ri eller køyre vogn
aleine (ikkje i gruppe) eller ri i smågrupper på tur.
Ta kontakt viss du vil vite meir!
For påmelding og meir info: kontakt Inger, tlf 91763789 / 57819739.
VELKOMMEN PÅ RIDEKURS I VÅR!
Helsing Inger Grønntun og hestane på Reiakvam
|
|