Rideskulen på Reiakvam

 

 
NYTT

VÅRE TILBOD

OM OSS

HESTANE

GARDEN

DYRA

KART

DIVERSE INFO

KONTAKT

ALBUM

GJESTEBOK

BLOGG

LENKJER

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

BREV SOM VART SENDT UT TIL GAMLE OG NYE ELEVAR, MARS 2008

Hei alle saman!
No er vintaren snart slutt, og rideskulen startar opp vårsemesteret i veke 13 og 14.
Det vert kurs som i haust, altså 18 timar pr gruppe i løpet av våren.
Dei 18 timane vert fordelt over om lag 11 gongar. Dei fleste gongane kjem vi til å holde på i 1,5 timar, men nokre gongar helder vi på i 2 timar. Dette skal de sjølvsagt få vite om etterkvart.

Elevane vert delt opp i grupper, der dei vil få ri og stelle hest i lag med andre på same alder og om lag samme nivå. Det er ikkje alltid lett å sette i hop høvelege grupper, så det er berre å ta kontakt viss de er misnøgde med noko.
Nokre grupper har eg satt opp på andre tider enn i haust. Voner at dette høver greit, elles får de seie i frå, så skal eg prøve å gjere endringar.

Prisen for ridekurs vert den same som i haust, 2000 kroner for 18 timar, 2 premier (sløyfer, rideknappen el) undervegs, og felles sommaravslutning for heile familien. (Syskjenrabatt; 1800 kr pr syskjen viss de er fleire som rir. Samme rabatt vert også gjeve viss det er born og foreldre som rir).
Ridekurset kan betalast alt på ein gong, eller i to omgangar.

Viss det er nokon som ikkje ynskjer å ri meir, ber eg om at de seier i frå så fort som råd, slik at andre kan få plassane dykkar. Ring eller send ein tekstmelding til Inger, tlf 91763789.

Alle kjem til å få kursplan ein av dei fyrste gongane på ridinga. Der står det litt om kva vi skal gjere kvar gong utover våren.
Den aller fyrste gongen kan elevane få lov til å komme med ynskje om kva gruppa dei rir på skal gjere i vår, slik at vi kan gjere ting som DE har lyst til også.

I løpet av våren skal alle gruppene ha to tevlingar/prøver el. Nokre grupper skal kanskje prøve seg på «Rideknappen», og elles vert det hinderløype, sprang, gymkhana, dressurridning eller noko anna.
Til sommaravslutninga kjem gjerne nokre av gruppene til å øve inn eit lite program, viss det er interesse for det.
Elles vert det naturlegvis vanleg riding på bane og på tur, kanskje litt køyring med hest og vogn, voltige (turn på hesten), teori, hestestell og stallstell.

Eg minner om at dei yngste (under ca 10 år) bør ha med seg ein vaksen eller ein hestevand storesyster/storebror/venninne el når dei er på riding. Ein del av dei som er litt større har også bruk for litt hjelp av og til.
Det er kjekt om nokre av dykk som er litt større (ca 9-10 år og eldre) har lyst til å hjelpe til (leie) på timar av og til. Nokre er veldig flinke til det, og de gjer ein kjempeflott insats, samtidig som de får verdifull erfaring med hest.

Alle SKAL bruke hjelm når dei rir. Dei som ikkje har sjølv, får sjølvsagt låne her.
Dei som har sikkerheitsvest bør bruke den kvar gong.

Ta kontakt om de lurer på noko!

Både gamle og nye elevar er velkomne til eit fint vårsemester på Reiakvam!

Brevet i pdf-format, slik det vart sendt ut, kan du sjå HER...

 

 
     Rideskulen på Reiakvam - Inger Grønntun - Tlf 57819739 - Mobil 91763789 - E-post ingergro@hotmail.com