Norske hesterasar     Inger Grønntun


Planen er å legge inn mykje rart her etter kvart, men det får komme litt og litt.

Norge har fire eigne hesterasar: Fjordhest, dølahest, nordlands/lyngshest og kaldblodstravar. Alle desse har spennande historier, og er ein del av kulturen og identiteten vår. Eg er spesielt oppteken av stammar, historie og hestefargar, samt det å knyte hesten opp mot den generelle historia. Utvikling og avl har gått hand i hand med menneska sine behov og den til ein kvar rådande tenkemåte, og dette har prega både hesten sjølv og synet på den. Elles brenn eg for at enda fleire skal få opp auga for kor fantastiske dei norske hestane er, og har spesielt tru på å marknadsføre det unike og spesielle ved rasane våre, det som knyter dei saman med vår eigen kultur. Historia om hesten er også forteljinga om menneska som har levd liva sine i lag med den, og omvendt.

Inntil vidare legg eg inn diverse her som eg har skrive og laga tidlegare (Det kjem meir, når eg får rota det fram frå arkivet)

Vidare til ei eiga side om FJORDHESTSTAMMAR

Historisk innleiing til utstillingskatalogen for jubileumsutstillinga i Førde 2014

Programheftet for NM fjordhest  i Førde 2016 (20-årsjubileumet) – Med litt historisk stoff, noko om fargar, med meir

Bacheloroppgåva mi i historie: Fjordhesten si historie og utvikling ca. 1850-1910, med vekt på valet av den blakke fargen som rasemerke (2014)

Bacheloroppgåva mi i bygdeutvikling/samfunnsutvikling: Bruk av forteljing, historie og lokal tilknyting i marknadsføring av norske hesterasar (2015)

Semesteroppgåva mi i lokalhistorie: Hesten i Naustdal – Bruk og avl i tidlegare tider (2014)

Digital forteljing: Fjordhesten – Drøymehesten (2012)

Prosjektrapport i samfunnsfag med vekt på digital formidling og entreprenørskap: Fjordhesten – Drøymehesten (2012) (Høyrer saman med forteljinga over)

Artikkelserie til bladet Arbeidshesten: Kvite hestar, myter og fakta (2015-2017)

Artikkelserie til bladet Fjordhesten – Om fargar på fjordhest, del 1, 2 og 3 (resten av serien er ikkje ferdig enno, kjem etter kvart)

Tilbake til Vesleblakken.no